Gutten i den stripete pyjamasen
Boka handlar om den tyske guten Bruno som saman med familien si, mor far og ei søster, bor i Berlin der han går på skule og har mange vener. Som barn flest lever han sitt vanlege, trygge liv og har ikkje så god innsikt i det som skjer rundt.
Ein dag må familia flytte til ein stad der det er eit merkeleg gjerde. Innom gjerdet går menneska i “stripete pyjamasar” og i motsetnad til Bruno, vil no lesaren etterkvart forstå kva slag stad Bruno og familien har flytta til.
Bruno vert i løyndom ven med ein gut i stripete pyjamas og får etter kvart litt innsyn i kva som skjer innanfor gjerdet. Bruno har eit stort ynskje om å få kome inn dit til guten, og ein dag skjer det…
Forfattar: John Boyne.