Herr Glemsk

.

Herr GlemskHerr Glemsk bur i Forglemmegeiveien, og det passer bra for han er umåteleg gløymsk.

Herr Glemsk gløymer alt mogleg. Han klarer aldri å hugse kva der er han ikkje må gløyme. Ein dag får han i oppdrag å overlevere ein veldig viktig beskjed, og det er ei ganske umogleg oppgåve for ein som er umåteleg gløymsk.

Roger Hargreaves sine klassiske bøker om «Lille Herr Mann» og «Lille Frøken» vart utgitt på 70-talet. Bøkene er oversatt til 30 språk, og er selt i over 100 millioner eksemplar. I Norge vart bøkene gjendikta av Inger Hagerup, og det er i seg sjølv eit kvalitetsstempel. I 2014 vart bøkene utgitt på nytt i Norge, og ein ny generasjon barn har fått gleda av å møte desse fargerike karakterane i Roger Hargreaves univers.

I bøkene møter vi mellom anna Herr Kilefant som har lange armar som han kan strekke inn over alt. Vi møter Herr Lykkeleg som strålar som ei sol og vi møter Herr Surpomp som  har nedovermunn. Vi blir og kjent med Herr Rotekopp, som heldigvis får god hjelp av Herr Ren og Herr Ryddig til å rydde opp i tilværet sitt. Herr Bakvendt og Nysgjerrigper er nokre underlege skruer, og det er også herr Dumpidump som stadig vekk er uheldig og dumper bort i alt.

Alle desse figurane har sin særeigne eigenskap, og dei kan vere både gode og dårlege. Bøkene er humoristiske og underhaldande, og lesaren kan lære noko om seg sjølv og andre. Dei kan vere fine å bruke som utgangspunkt for samtale. Bøkene passer godt for barn i alderen 4 -8 år.
Bøkene er på bokmål.

Bjørg Moltu, Stordal bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: