Alice svømmer ikke

.

alice svømmer ikkeAlice synest det er herleg å ha sommarferie, men alt første dagen held ferien på å bli øydelagd fordi faren seier at no skal Alice lære seg å svømme.

Alice er ei stille jente som er redd for veldig mykje, og dette med svømming trur ho at ho kjem til å døy av. Det er mykje vanskeleg Alice må gjennom før ho kanskje blir klar. Spenninga held seg gjennom heile boka, og først heilt på slutten får vi vite om Alice verkeleg lærer å svømme i ferien.

God bok av Torun Lian med fine illustrasjonar av Øyvind Torseter

Har du lyst til å lese meir om Alice, så har Torun Lian skrive 2 bøker til om henne : ”Alice Andersen” og ”Reserveprinsesse Andersen”.

Marit Ljøen, Stranda folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: