Svenne

.

svenneFredrik Svensson, eller Svenne som han vert kalla, veks opp i ei lita bygd utanfor Malmø. Han er 17 år og foreldrelaus. Mora døde då han vart født, og den ressurssterke faren som var bilmekanikar, dør i ei tragisk ulykke. Foreldra til bestekompisen Danne tek seg av han og gir han hjelp og støtte.

Under ein skuletur til Stocholm vert Svenne banka opp av ein gjeng innvandrarar og hamnar på sjukehus. Det vert store avisoppslag om hendinga. Når han kjem heim, dukkar den karismatiske Nils Dackeman opp og overtalar Svenne til å ta imot ein godt betalt sommarjobb som gartnar hos han. Svenne må også ha politiske samtalar med Dackeman og den somaliske kona hans Sonya, og det viser seg etter kvart at jobben består i å vere partisekretær for det nystarta partiet, “Rettferdighetspartiet”.

“Rettferdighetspartiet” er eit høgrepopulistisk parti som Dackeman er leiar for, og som raskt blir Sveriges nest største på meiningsmålingane. Kva ligg så bak dette partiet? Kva vil dei? Fleire og fleire av medlemane fell i frå etter kvart som dei oppdagar kva som skjer. Svenne føler også at dette vil han ikkje vere med på, men Dackeman med sine gode overtalingsevner, klarer å overtyde han. Dessutan er Svenne fengsla av Sonya og har vanskar med å forlate henne.

Tanken på eit rettferdig Sverige, den gode nasjonalismen og den sterke staten med lik lønn for alle er nok i prinsippet god, men kva så med dei onde kreftene som partiet tiltrekke seg? Er det alle midlar som helligar målet?
Svenne, forteljarstemma i boka, sit i ei forlatt hytte og fortel kva som har skjedd, samstundes er han den mest ettersøkte personen i Sverige.

Forfattar: Per Nilsson.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: