Verdas mest forelska par

.

verdas mest forelskaVi skal til Bløygen som er ei lita bygd. I Bløygen bur Bidger og Esmiluni som er så forelska at kommunestyret melder dei på i verdsmeisterskapet i pludring og romantikk. Men det er ikkje berre Bidger som er forelska i Esmiluni. Bjørn Disel på bensinstasjonen er også svært forelska i henne. Dermed er det klart for spenning. Vi les om sjalusi og sakn.

Rune Belsvik er dyktig språkleg. Han har skrive ei barnebok som godt kan lesast av alle mellom 7 og 97 fordi ho handlar om kjærleik og forelsking.

Boka har humor. Lydbokutgåva av denne boka er også å anbefale. Forfattaren les sjølv på ein glimrande måte.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: