Ho som ror

.

ho som rorEin jentunge kjem seg lett ut i båt når naustdørene står opne. Ho som ror ser seg ikring, og ho ror sakte, men med faste tak for å få med seg alt i sitt tempo, utan forkaving.

Ho reiser (nei, ho ror framleis!) til den gløymde bygda innetter fjorden, mor si barndomsbygd og går opp ei jentefortid der. Ei tid med rabarbra bakom uthuset og surmjølksblende i spann.

Ho ror tilbake til ei travlare notid, og der:

når ho kjenner farta i skroget
når ho kjenner styrken i beina
når ho kjenner dunkinga i blodet
når ho kjenner vinden i håret
når ho kjenner himmelen i magen
når ho kjenner heiinga i hovudet
når ho kjenner drivet i livet

hugsar ho hendene
til han som heldt henne
heilt stille

Boka til Marit Kaldhol er lettlesen med stutte, kvardagslege ord og utan lange liner.
Kven boka passar for? Alle som ikkje treng påhengar for å ta seg ut nytt méd.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: