Vaffelfisken

.

VaffelfiskenI fjor var det 20 år sidan Bjørn F. Rørvik ga ut den første boka om Reven og Grisungen, og sidan den gongen har han gleda små og store med sine fantastiske og festlege forteljingar. Han er kanskje mest kjent for sine bøker om Bukkene Bruse på Badeland og Bukkene Bruse vender tilbake. For dei litt større barna har han skrive bøker om Mesterdetektiven Purriot.

Vaffelfisken er årets nye forteljing om radarparet Reven og Grisungen - og det er berre å glede seg:

Reven og Grisungen har lånt ei fiskebok på biblioteket med bilete av alle slags fiskar og sjødyr. Fleire av fiskane ser heilt merksnodige ut, sånn som Gurglefisken.

Andre igjen ser ut som om dei er fæle å ete. Potetflabben er ein slik fisk, den er U.V.P.P. - Usedvanleg Vond På Pizza...

Men så er det heldigvis også nokre som ser skikkeleg gode ut! Aller mest fristande er Vaffelfisken. Ein sånn vaffelfisk kunne Grisungen godt tenke seg til middag.

I boka som Reven har lånt på biblioteket står det at vaffelfiskar kan bli heilt opp til tre kilo tunge. Tenk på det, då, TRE KILO VAFFEL?

Dei to venene reiser på fisketur, men kanskje er det meir enn vaffelfisk som lurer der ned i djupet...

Bøkene om Reven og Grisungen er humoristiske, og dei er ekstra fine til høgtlesing.

Både små og store vil garantert like dei, og denne om Vaffelfisken er ikkje noko unntak.

Elisabeth F. Kjerstad, Sula bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: