35 kilo med håp

.

35 kilo med haapGeorg har store problem og får det ikkje til på skulen eller i livet sitt. Han er no 13 år og må gå om igjen 6. klasse. Det er andre gong han må starte på nytt. Han er eit problem for alle, også foreldra som stadig kranglar om kva dei skal gjere med han.

Heldigvis for Georg så har han ein bestefar, bestefar Leon, som støttar han og tek han til arbeidsromet sitt der Georg får produsere eigne oppfinningar og der han får ha sitt friminutt frå kvardagen.

Då Georg dumpa i 3. klasse, tok bestefaren han på fanget og fortalte historia om haren og skilpadda som konkurerte om å kome først i mål.
-Du ser det gutten min, at ingen ville satse fem flate på den stakkars skilpadda som var så treg av seg… Og likevel ble det den som vant… Og vet du hvorfor den vant? Jo, den vant fordi den var tapper og utholdende. Og du er også tapper og utholdende..

Men nok er nok og bestefar Leon vert skikkeleg sint denne siste gongen Georg vert utvist. Jeg liker folk som tar livet sitt på alvor, forstår du! Det jeg derimot ikke liker er slappfisker som går og sutrer, og som blir utvist på grunn av dårlig oppførsel…

Georg mister heilt fotefeste den dagen bestefaren vert alvorleg sjuk, men som tittelen på boka seier er det håp!

Forfattar: Anna Gavalda.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: