Fangirl

.

FangirlFanfiction og forviklingar!

Cath og Wren er einegga tvillingar som alltid har hengt saman som erteris, og saman har dei delt ei stor interesse for bøkene om Simon Snow og trollmannsskulen, ein fiktiv serie lik Harry Potter. Særleg Cath har vore aktiv med skrivinga, under namnet Magicath.

No er tida komen for å studere på universitetet. Wren er overmoden og superklar for å flytte heimafrå, mens Cath kvir seg til absolutt alt.

Mens Wren fordjupar seg i studentlivets gleder, sit Cath utilpass heime på hybelen og klamrar seg fast i den fiktive verda ho er så glad i.

Fangirl er ei engasjerande historie med karakterar som er lett å kjenne igjen. Det handlar om om å ta det første steget ut i vaksenlivet, om fiksjon og verkelegheit, og om å gje slepp samtidig som ein gjer plass til noko nytt. Forfattar er Rainbow Rowell.

One Marthe Vik, Fylkesbiblioteket

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: