Før jeg dør

.

for jeg dorSom tittelen seier skal Tessa 16 år snart dø, men så har ho så mykje ho vil ha gjort…. Ho kjempar for å leve og kjempar med sjukehusbesøk, prøver og medisinar med uendelege bivirkningar. Opp i dette prøver Tessa å leve mest mogleg som normalt og lagar ei liste:

“dette må eg gjere før eg dør-liste”.

Med støtte frå bestevennina kastar ho seg ut i livet for å oppleve og startar på nr. 1 – sex. Med stort pågangsmot går ho inn for saka, og om det vert etter forventningane, er ikkje så viktig, for som bestevennina seier: Kva har ho å tape? Er det ikkje viktigare å føle at ein lever akkurat no?

Boka handlar og om forholdet mellom Tessa og faren, broren og mora som har flytta frå dei. Det er ikkje berre lett å ha ein døande ungdom i huset. Faren kjempar med redsle og sinne når Tessa utset seg sjølv for ting som både er ulovleg og farleg.

Dette er ei fantastisk og gripande historie om livsvilje, redsel, sinne og kjærleik skrive av Jenny Downham.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: