Tre biler og en død katt

.

tre bilerBoka opnar så fint med ei lita jente som held katten sin så kjærleg i armane. Ho sit i ei blomstereng og kosar med katten og har til og med kledd på han ei lita ulljakke. Men så vert verdas finaste katt, Hampus, køyrd på og drepen.

Det viser seg snart at han må ha blitt køyrd på av ein bil. Og på øya der dei bur finns det berre tre bilar. Jenta og venene hennar går inn for å finne syndaren for kattemordet. Dei tre mistenkte er butikkmannen som sver på at det ikkje er han. Eller Karsten Oppihaugen, som er fæl til å banne. Og taxisjåføren Laila, som ingen eigentleg kjenner, og som har ein litt skummel hund.

Det er ei spennande og god historie med litt overraskande slutt. I staden for at det vert forsoning mellom gjerningsperson og jenta, vert det sorga etter tapet av katten som heng igjen.

Gode og fargerike teikningar med tusj er nok det første ein legg merke til med boka. Dei er også umiskjenneleg 70-tallsprega og appellerer dermed også til vaksne lesarar.

Ei flott bok dette – både nydeleg, spennande og litt trist. Forfattar Gry Moursund.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: