Eleanor & Park

.

Eleanor Park1986, Omaha i Nebraska. 16 år gamle Eleanor flyttar til byen saman med familien sin. Ho har raudt hår, rare klede, og blir umiddelbart hakkekyllingen frå den dagen ho tek sin første tur med skulebussen.

Park sitt på den same bussen, og håpar Eleanor ikkje sett seg på setet ved sida av han. Men det gjer ho. I tida som kjem deler dei musikk, teikneseriar, oppturar og nedturar. Og annleisheita.

Den dagen på bussen var byrjinga på noko større enn dei kunne tenke seg. Eleanor & Park er ei nostalgisk og varm historie om to uvanlege menneske, og ei skildring av ein stor kjærleik. Forfattar: Rainbow Rowell.

One Marthe Vik, Fylkesbiblioteket

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: