Jenteloven

.

jentelovenSaga bor saman med faren og har det som ungdomar flest , oppteken av venniner, gutar og festing. Mot si vilje må ho ein dag flytte til mora i byen. På den nye skulen vert det ei stor utfordring å skaffe seg nye vener. Lene er den einaste i klassa som tek kontakt og Saga vert etter kvart presentert for venninene hennar.

Saga finn raskt ut at desse jentene  er voldelege, driv med butikknasking og andre ulovlege saker. Denne kvardagen med spenning og grensesprenging er tiltrekkande og Saga held fram med å vanke saman med dei. Jentene lover på tru og ære og stille opp for kvarandre – uansett. Kva vil så skje viss ein av dei ikkje vill vere med i fellesskapet lenger?  Vil Saga vere med på alt i gjengen, alt dei gjer mot andre?  Kvifor måtte Saga flytte og kvifor høyrer ho ingenting ifrå faren – ingen telefon, ikkje noko brev?

 

Denne ungdomsboka av Anette Münch er det fart og driv i. Den viser kor lett det kan vere å gjere noko mot sin eigen moral og viser også kva gruppepress kan føre til.

Absolutt ei leseverdig bok!

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: