Hedvig

.

HedvigDenne boka handlar om Hedvig som er 7 år og snart skal byrje på skulen. Ho bor på ein liten gard i Sverige der det er langt til næraste nabo, så Hedvig har ingen å leike med. Derfor gler ho seg… veldig!! Det vert morosamt på skulen, for ting skjer rundt Hedvig.

Ein dag leikar Hedvig hest saman med venninnene Linda og Ellen. Ellen er hesten og vert ein skikkeleg vill hest. Dermed stenger Hedvig og Linda henne inn i skuret ute på leikeplassen. Skuleklokka ringer og Hedvig og Linda gløymer den innestengde jenta, men heldigvis oppdagar læraren at Ellen ikkje er til stades og ho vert gråtande slept laus. Jentene får skikkeleg skjenn og telefon heim. Hedvig angrar seg og rømer til skogs der ho vandrar seg vill. Ein annan gong kranglar ho med Rickard, ein gut i klassen, og for å hevne seg på han fyller ho såpe på drikkeflaska hans. Rickard tek ein slurk og på kveldinga ringer mora heim til Hedvig og spør kva slag såpe Rickard drakk, for han spyr… Er det farlig, eller??? Ellers manar ho fram ånder på do og prøver å straffe kantinedama med elektrisk sjokk!! Hedvig er altså ei “slyngeljente” med rare påfunn og idear.

Frida Nilsson er svensk og vert av kritikarane samanlikna med Roald Dahl. Historia om Hedvig er absolutt morosam og humoristisk samtidig som den kan vere alvorleg. Forteljinga passar best som høgtlesingsbok for småskulen.

Ann-Mari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: