Korsfarerne

.

KorsfarerneVi er no godt og vel halvvegs i Sommarles, ein landsomfattande sommarleseaksjon for 1.-7. –klassingar. Og inspirert av Christoffer (10 år) som på same dagen lånte, leste og leverte tilbake Steffen Sørum sin korsfararserie på 5 bøker, fall valet på nettopp denne spennande serien.

Forteljinga startar i 1186. Den franske adelsmannen Bohemond av Reims legg ut på korstog til Det heilage land med heile sitt hus, derimellom den unge frankiske guten Stefan, den yngre systera og dei liveigne foreldra deira. Det blir ei reise som skal vise seg å bli alt anna enn trygg. Allereie før dei når Jerusalem blir den vesle familien spreidd, og Stefan blir kasta ut i utfordrande oppgåver han treng både kløkt og hell for å kome seg gjennom.

Sørum har studert historie, og har derfor god kjennskap til denne tidsepoka. Bøkene er fulle av sverdslag og kamp, men tillegg til spenning og action får lesaren og innblikk i kva eit korsfararfølgje eigentleg er, og korleis det var å leve i mellomalderen. Forfattaren let Stefan oppleve historiske hendingar som slaget ved Hattin og Saladins beleiring av Jerusalem, og viser oss både den kristne og muslimske sida av konflikten.

Serien som Aschehoug har gitt ut under merkelappen «Den blå lesehesten», er lettleste bøker på oppunder 60 sider kvar, med korte setningar og mykje dialog. Dei har og mange illustrasjonar, og passar for elevar på mellomtrinnet som likar eventyr, fart og spenning. Titlane på bøkene er: 

1. Reisen til det hellige land
2. Fanget
3. Tempelriddernes hemmelighet
4. Saladins felle*
5. Beleiret

Desse fem bøkene finst og samla i ei lydbok, som dessutan inneheld eit kapittel som er spesialskrive for lydboka. Sørum har og gitt ut boka En faktahest om korsfarerne som passar for same aldersgruppa.

Og om dei vaksne som les bøkene høgt for sine håpefulle (evt. «over skuldra»…) skulle bli inspirert, har fleire av biblioteka i fylket  trilogien om tempelriddaren Arn Magnusson skrive av Jan Guillou til utlån.

Hilde Merete Gjessing, Giske folkebibliotek

Er bøkene ledige ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: