Percy Jackson Lyntyven

.

LyntyvenPercy er ein gut på tolv år som har ADHD og dysleksi. Det er sommerferie og Percy og mora, Sally Jackson, skal til ei hytte ved Montauk. Men ting gikk ikkje heilt som planlagt når Grover, vennen til Percy frå skulen, dukka opp.

Han fortel at det er eit monster som jagar dei og vil drepe Percy. Dei spring så fort dei kan ut til bilen og kjører. Dei stoppa ikkje før dei kom til ein skog og der angreip monsteret dei. Grover og Percy kjem seg unna, men Sally blei tatt av monsteret, og med eit blendande glimt blei ho borte.

Percy vaknar på ein underleg plass og det første han ser er Grover. Han fortel at alt som hadde skjedd til no med monsteret og mora hans var verkeleg. Då dei gjekk ut var dei i Halvblodsleiren, ein leir for halvgudar. Ein halvgud er eit barn av ein gud og eit menneske. Og første dagen i sommerferien spelar dei alltid Kapre flagget. Men under Kapre flagget sto Percy ute i vatnet og det kom eit grønt hologram over hovudet hans, Poseidons teikn. Percy er son av Havguden.

Nokon dagar etterpå må Percy snakke med Chiron. Han spør om han aksepterer oppdraget sitt, og Percy blir sendt opp for å snakke med Orakelet frå Delfi og ho gir han ein spådom. Percy skal på sitt første oppdrag og han vel å ta med seg Grover og Annabeth. Annabeth er dotter av Athene, Gudinna for strategi, krig og visdom. Oppdraget går ut på å finne lynmalen til Zevs og gi den til han før sommersolverv 21. juni. Viss ikkje vil dette starte ein krig mellom Poseidon og Zevs. Men Percy har også ein annan ting å redde, mora hans. Oppdraget er vanskeleg, men og morosamt og byr på mange utfordringar for Percy, Annabeth og Grover.

Forfattar: Rick Riordan

Ildri Bøe, Sykkylven bibliotek

Er tittelen ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: