45 years

.

45 aar medium«They asked me how i knew / My true love was true» nynnar den pensjonerte læraren Kate Mercer nokre dagar før ho skal feire 45 års bryllaupsdag med sin mann Geoff. Etter som feiringa nærmar seg, er ho ikkje lenger så sikker på at det er slik.

«45 år» er skuespelarane sin film, og Charlotte Rampling (Kate) og Tom Courtenay (Geoff) fekk prisen for beste hovudroller under den prestisjetunge filmfestivalen i Berlin i fjor. Vel fortent; for dette er ein film meir om det som ikkje blir sagt, enn det som blir sagt.

Charlotte Rampling er kanskje mest kjent for å spele kjølige kvinneroller, og mange av oss hugsar ho kanskje først frå eit drama ein kunne få frysningar av: «Nattportieren» frå 1974.

Den ni år eldre Tom Courtenay (f. 1937) spelte også i ein film på omtrent same tid der minusgradane, bokstaveleg talt, var mange: «En dag i Ivan Denisovitsj liv»; ein film basert på romanen til Aleksandr Solzjenitsyn (tidl. skrive som Solsjenitsyn) som var spelt inn her til lands.

Dette er likevel ein digresjon til paret vi møter i «45 år», der både Kate og Geoff ser ut til å vere svært glade i kvarandre.

Filmen startar med lyden av eit lysbildeapparat som dreg fram bilde for bilde, før vi møter Kate nynnande på Platters-versjonen av «Smoke gets into your eyes». «Den må vi ha på selskapet vårt», tenkjer Kate, og slik blir det. Men innhaldet i teksta vil få ei heilt anna meining for Kate, etter kvart som hendingar styrer handlinga i retningar ho aldri såg for seg.

For heime har Geoff fått eit brev om at Katya er funne. «Du må da hugse at eg har nemnt ho, Kate», nærast spør Geoff. Vel, han har nok ikkje snakka så mykje om ungdomskjærasten som forsvann under ein fjelltur i Sveits for femti år sia. No har ho vorte funne innfrose i ei bresprekk.

Og frå da av og ut filmen, blir dette nærast eit trekantdrama der Kate spør seg om kor «true love» det er mellom ho og Geoff, medan Geoff virrar rundt, desorientert om kva han eigentleg skal føle og kva signal han sender ut til Kate.

Som skrive over; «45 år» handlar like mykje om det som ikkje blir sagt, enn kva som skjer. Difor måtte ein ha skuespelarar som er vaksne nok for oppgåva, og Rampling og Courtenay har både åra og kvaliteten inne til å takle dette. Spesielt Rampling imponerer, og for dei som sett pris på både slike prestasjonar, ei god historie og ein film som tek seg den tida som trengs for å formidle dette, er «45 år» eit godt val.

Steinar Hasselø, Surnadal folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: