En natt i Berlin

.

natt i berlinDen spanske ungjenta Victoria møter fire unge Berlinarar i filmen «En natt i Berlin», og ingenting blir det same etter det. Denne tyske filmen har fantastisk foto av Sturla Brandth Grøvlen frå Trondheim.

I denne filmen møter vi spanske Victoria, som ikkje kan tysk og jobbar på kaffibar i Berlin. Ho møter fire unge menn på veg heim frå nattklubb. Dette er Sonne og hans gjeng, ekte Berlinarar, som lover å vise henne byen. Så drikk dei til det nærmar seg soloppgang, men likevel blir det mørkare. Den eine kompisen, ein fengselsfugl, skuldar ein berlin-mafioso pengar, dei må rane ein bank, dei treng ein sjåfør og så blir det Victoria som køyrer. Ho er dratt inn i eit opplegg ho aldri kunne drøymt om i sine verste mareritt.

Det er fleire grunnar til at Sebastian Schipper sin film «En natt i Berlin» har blitt ein snakkis på årets filmfestivalar og fått fleire prisar. Fotoet til Sturla Brandth Grøvlen frå Trondheim gav han internasjonalt gjennombrot og Sølvbjørn i Berlin, nylig fekk han også pris for beste foto i tysk film siste år.

Det mest spesielle med fotoet er at kamera følgjer handlinga i eitt sveip, utan klipp. Filmen varer i snaue 2 ½ time, altså utan eit einaste klipp eller kutt. Det er så variert og raffinert gjort at «En natt i Berlin» ikkje ser ut som ein dogmefilm. Dette er verken filma teater eller kunstnerisk saktefilm, tvert imot, «En natt i Berlin» er eit pulserande, urbant drama om vegen frå ei øl til dirrande, uberegnelig natt i Berlin.

Ein kan berre førestille seg det utrulige arbeidet, øvinga og prestasjonane som ligg bak fotoet til Brandth. Fotoet spelar også godt opp mot musikk, miljø og skodespelarar, og gjer dette til ein film med særprega tone og intensitet. Filmskaparane brukar teknikken til å plassere publikum midt oppe i det heile. Sjåaren føler seg rett og slett der med dei, som om vi sjølv er med på ranet og får anledning til å kjenne opplevinga på kroppen, realiteten og adrenalinet.

Laia Costa i rollen som Victoria, og ikkje minst Frederick Lau i den mannlege hovudrolla som Sonne, er avgjerande for at handlinga fungerer godt med forteljargrepet. Her vert det spela slik berre amatørar kan gjere det; heilt uanfekta.

Reint tematisk tek filmen opp ein del spørsmål om skuld og rettferd, og utforskar kva det er som får nokon til å begå eit ran, korleis ein gjer det, og kva ein skal gjere etter at ranet er begått. Det er både interessant og underhaldande å vere med på denne reisa. Og ein blir riven med, men ikkje heilt utan å tenke, her og der, at ein film ikkje blir dårligare av ei viss fortetting og redigering.

På den andre sida: det mest imponerande er dei unge menneska sine rolleprestasjonar. Ein veit nesten ingenting om personane og får lite å vite. Men det vesle vi får, er faktisk nok til å lage ei historie med ekte menneskelege kjensler, ein desperasjon som ein på sett og vis kan forstå. Og ei stemning av ein nokså håplaus europeisk røyndom for mange unge menneske pr. i dag.

Anne Marit Huse, Ålesund bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: