De andres liv

.

De andres livVi er i Aust-Tyskland i 1984 nokre år før regimet raknar. Vi møter Stasi-kapteinen Gerd Wiesler som får som oppgåve å overvake ein kjend og tilsynelatande politisk korrekt dramatiker, Georg Dreyman. Han skal søke å finne bevis for kriminell verksemd, dvs. antisosialistisk arbeid retta mot den austtyske staten.

Wiesler kjenner ikkje til at bakgrunnen for overvakinga er at kulturministeren ynskjer å kunne fengsle dramatikeren for å kunne stele kjærasten hans. Wiesler vert også freista med at han skal bli forfremma dersom oppdraget vert vellukka. For den einslege Stasi-agenten som ser ut til å vere utan privatliv, opnar overvakinga ei verd full av kunst, kjærleik og ein anna måte å leve på, seg. Kapteinen har heile tida vore ein trufast og effektiv offiser, men etter kvart får han ein viss sympati med dei han er sett til å overvake.

Filmen har blitt kritisert for gi eit urealistisk og altfor positivt framstilling av Stasi-overvakarane. Men for meg var dette er ein fengslande film som teiknar eit tilsynelatande truverdig bilete av systemet i Aust-Tyskland - eit gjennom overvaka samfunn der Stasi kunne etterforske kven som helst for kva som helst.

Aldersgrense 11 år

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: