Mandariner

.

ManderinerMandariner er noko so sjeldan som eit estisk drama frå den georgiske Kaukasus-provisen Abkhasia, der muslimske abkhasarane med russisk støtte prøve å rive seg laus frå Georgia. Dei som kan sin etnisk geografi vil kanskje vite at det var ein estisk koloni ned ved Svartehavet.

På grunn av krigsutbrotet i 1992 drog estlendingane heim for å unngå volden, men ikkje Ivo og Margus, to naboar i kvart sitt falleferdig hus. Med ein så sjeldan god mandarininnhausting i sikte, ville ikkje Margus reise frå avlinga si, medan Ivo snikrar trekasser til frukten.

Krigen innhentar like fullt ei to eldre herrane, og Ivo tek hand om to skadde like ved huset etter ei trefning. Han får hjelp av Margus å gravleggje tre andre. Ettersom resten av familien har reist, har Ivo plass til dei skadde i kvart sitt rom i huset sitt.

Problemet er at desse to tilhøyrer kvar si side i konflikten og Ivo får meir å gjere enn berre å skifte bandasjar. Mennene må tilpasse seg Ivos oppriktige og ærefulle vilkår så lenge dei får bu hos han. Eit foto av Ivos barnebarn på veggen, som begge menn synst er så søt, får dei skadde til å tenke på meir enn krig, men så dukkar opp russarane.

Mandariner er ein film om medmenneskelegdom som sigrar, dirigert av Zaza Urushadze, som sjølv er georgisk. Gode kamerabevegelsar, ekte omgjevnadar, passe humor og truverdig spel gjer denne filmen til ein subtil oppleving.

Aldersgrense 15

David Beadle, Haram folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: