Dag (2010-)

.

dag sesong1-3Dag Refsnes, spela av Atle Antonsen, arbeider som samlivsterapeut, noko han har gjort i ein del år. Hendingar i oppveksten og gjennom dei første åra som terapeut har gjort at han no oppfordrar alle pasientane sine til å gå frå kvarandre. Alle ville nemlig blitt lykkelegare om dei berre budde åleine.

Dette spesielle livsstandpunktet gjer Dag ein tanke uortodoks i jobben sin, det vert tydeleg ved at skilsmisseprosenten blant pasientane hans ligg på over 90.

Bedre blir det ikkje av at søstera til Dag set han opp på kontinuerlige blinde dates og at den einaste venen hans, Benedikt, som stadig hamnar i dei villaste situasjonar, sov ut rusen ved hattehylla i gangen hans.
For å takle alt dette har Dag eit lager med beroligande middel gøymd i Pez-dispenserar på badet.

Det heile toppar seg når Dag forelskar seg i ei kvinne like skakkøyrt som han sjølv, og heile det trygge åleine-livet hans er trua.

Dag er delt inn i mange små enkelthendingar eller sekvensar og alle desse til saman kan oppsummerast i éin slags livsfilosofi. I byrjinga av kvar episode ser vi ei teikning av Jan Stenmark med ei lita anekdote under, eit poetisk innslag med eit lite alvor i, på samme måte som Dag er ein humorserie om alvorlige ting.

Regissør Øystein Karlsen har saman med Kristoffer Schau etter mi meining skrive eit av dei beste komediemanusa nokonsinne. Eg likar at serien teknisk sett er ein komedie, men at den også er veldig mørk og melankolsk, og tek deg med til stader som gjer deg ukomfortabel.

Serien har ein god dose forrykande action, mange burleske situasjonar og drøye ting som skjer, men den har også eit eksistensielt alvor. Det er nettopp i dei sprø situasjonane du finn dei såre kjenslene, og for så vidt også omvendt.

Rollefigurane er eit av dei sterkaste korta til serien. Dag, Benedikt og gjengen startar som tydelege, nesten karikerte typer. Etter kvart får dei lov til å utvikle seg og vekse, uten at særheitene deira har forsvunne. Og dei er utruleg godt spela av Atle Antonsen, Anders Baasmo Christiansen og dei andre.

Biblioteket har sesong 1-3 av denne serien på DVD. Aldersgrense 15 år

Anne Marit Huse, Ålesund bibliotek

Tags: Komedie TV-serie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: