Pride

.

PrideSnakk om kulturkollisjon! Homse-London møter streikande walisiske gruvearbeidarar. Vi er tilbake i 1984 under Margaret Thatcher si beinharde regjeringstid. Streikar og nedlegging av gruveindustri pregar landet. Gruvearbeidarane streikar i månadsvis og mange familiar slit med å få endane til å møtest.

«Pride» er basert på ei sann historie om ei gruppe homofile aktivistar som samlar inn pengar til gruvearbeidarane og familiane deira. Dei  identifiserer seg med arbeidarane sin kamp mot overmakta og etablerer aktivistgruppa «Lesbians and Gays Support the Miners». Gruppa slit med å finne nokon som ønskjer å ta imot pengane. Til slutt får dei kontakt med eit gruvesamfunn i Wales og ein fargerik gjeng frå London fyller opp minibussen for sjølve å overrekke dei innsamla pengane. Det vert litt av eit møte på forsamlinghuset i den vesle gruvelandsbyen.

Filmen er ei varm forteljing om samhald og solidaritet, og om korleis ein felles kamp kan hjelpe å bryte ned fordommar. Dette er i høgste grad ein politisk film, både om den lange og harde gruvearbeidarstreiken og om dei homofile sin kamp på 80-talet. Men dette er ingen dyster og trist film, det er ein skikkeleg artig film som varmar om hjerterota.

Skodespelararne er utruleg gode, som vanleg i britiske filmar. Særleg må Imelda Staunton og Bill Nighy nemnast. Eg har sett dei i mange gode roller tidlegare og i denne filmen er dei svært sjarmerande som dei fremste forkjemparane mot fordommar i den vesle gruvelandsbyen.

Aldersgrense 7 år

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: