The Imitation Game

.

The Imitation GameMatematikaren Alan Turing bidro med den største enkelprestasjon som førte til ein alliert siger over Nazi-Tyskland, sa Winston Churchill. Julaften 2013, nesten 50 år etter hans død, blei han tildelt ei kongeleg unnskyldning av dronning Elizabeth. Denne filmen av norske Morten Tyldrum kastar oss inn i eit usedvanleg liv og den paradoksale skjebna til Turing, spelt av Benedict Cumberbatch, mannen som mange meiner er medoppfinnaren av datamaskinen.

For Turing påstår i 1936 i ein tese at det er teoretisk muleg å lage ei programbar maskin som kan gjennomføre mange ulike kalkulasjonar veldig kjapt. Kunstig intelligens blir født, og under krigen var alle hjelpemiddel tatt i bruk. Turing blir med i arbeidet med kryptoanalyse i Bletchley Park, som den gang lå øde til i det engelske landskapet nord for London, og får bygge sin maskin.

Turing og hans team skal nemleg knekke det tyske militære kommunikasjonskoden Enigma i Hut 8. Der utspiller mykje av filmen seg og det er også der filmen lukkast best, ved å sette opp det møysommeleg arbeidet mot tidspresset for å knekke koden.  Men i Hut 8 er der også andre spenningar, både i forholdet mellom Turing og den einaste dama i teamet (Keira Knightley) og blant teammedlemma.     

Historia drivast fram i eit godt tempo, som oppretthalder spenninga som alle forventningane foresårsaker, samtidig som karakterane får tid å bli kven dei er. På den eine sidan vil det å kunne knekke koden bety så uendeleg mykje for å forkorte krigen og spare liv, ikkje minst i marinetransporten i Atlanteren som norske sjømenn var tungt involvert i. Samtidig når relasjonane mellom medlemma stadig nye høgder, noko som kjem sterkare fram i sjeldne pausar frå arbeidet.  

Filmen blei innstilt til ei rekke Oscarprisar og vann ein, men er generelt ein meir publikumsvennleg enn ein god del av sine konkurrentar.

Aldersgrense 11 år

David Beadle, Haram folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama Krigsfilm

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: