Whiplash (2015)

.

whiplash1"Whiplash" er både original musikkfilm og psykologisk thriller.
Regi: Damien Chazelle.

Hovedpersonen i “Whiplash” er den nittenårige Andrew som drøymer om å bli den beste jazz-trommeslageren i verda. På musikkonservatoriet får han den berykta orkesterleiaren Terence Fletcher som mentor. Det liknar ikkje akkurat på norsk musikkpedagogikk når professor Fletcher skal tyne det beste ut av studentane sine. Han minner mest om ein brutal militærinstruktør når han med kadaverdisiplin dirigerer orkesteret sitt og slår nådelaust ned på den minste feil.

Andrew har vakse opp med ein svak og forsiktig far, som verken har oppnådd å realisere forfattardraumen sin eller makta å halde på kona si. Filmen antyder at Andrew ubevisst finn det faderlige førebiletet han har sakna i Fletcher. Den unge hovudpersonen øver til det blør frå hendene og samanbrotet er nær. Utan å blunke droppar han kjæresten fordi ho ikkje forstår og deler hans skyhøge ambisjonar.

Er det ein slik desperasjon og dedikasjon som må til for å bli ein stor musikar – er det slik at vegen til toppen går gjennom smerte og einsam kamp? Filmen tek opp interessante spørsmål rundt ein usunn prestasjonskultur som faktisk gjev kunstneriske resultat. Og den skildrar den hårfine grensa mellom rein ondskap og kunstneriske ambisjonar hjå ein leiarskikkelse.

Handlinga følger innøvinga av komposisjonen “Whiplash” av Hank Levy og filmen er full av både jazzperler og jazzhistorie. Scenene der Fletcher igjen og igjen stoppar musikken fordi orkesteret spelar feil, er klippt som ein actionfilm. Sjølv om det eigentleg berre er ein gut som sit og slår laus på eit slagverk, føles det like nervepirrande som ei biljakt i ein Jason Bourne-film.

I rolla som Andrew finn vi Miles Teller som sjølv trakterer trommestikkene i filmen og som er ei stigande stjerne i Hollywood. Men dette er først og fremst J. K. Simmons sin film i rolla som Fletcher, ei rolle som gav han Oscar for beste mannlige birolle i 2015.

Anne Marit Huse

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Krim og spenning

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: