Boyhood

.

boyhoodI denne filmen fylgjer vi guten Mason frå han er 6 år fram til han er 18 og flyttar heimafrå. Det spesielle med denne filmen er at dei same skodespelarane gjennom heile filmen spelar dei ulike rollene. Opptaka er såleis gjort over ein periode på heile 12 år.

Mason er altså seks år når vi møter han første gongen, ein undrande, skjønn gut. Han bur ilag med søstera, som er eit par år eldre og mor som er åleine om omsorga. Far dukkar opp etter kvart – ein sjarmerande, guteaktig og kanskje litt umoden type. Men absolutt omsorgsfull, noko som den unge mora også er. Mor er ei vakker, ung kvinne som har ein tendens til å rote seg borti feil typar. Men etter kvart tek ho grep om livet sitt og byrjar på skule for å ta utdanning.

I gode og vonde dagar  fylgjer vi Mason og familien hans. Dei flyttar, foreldra giftar seg opp att på kvar sin kant, det vert skilsmisse, nye familiekonstellasjonar, kranglar og vald. Og midt oppi det heile Mason som ser ut til å takle desse opplevingane og som  utviklar seg til å bli ein reflektert ung mann.

Det er ein flott film om oppvekst dette her. Vi kjenner oss så godt igjen – både korleis ein som liten står på utsida og betraktar og undrar seg over noko som ein ikkje heilt forstår. Attkjennande er også scener om venskap, det å kome ny til ein plass, tilhøve til søsken og ikkje minst den første gryande kjærleiken. Foreldra si utvikling er også truverdig, frå unge, litt ansvarslause 20-åringar til innsiktsfulle og pålitelege vaksne.

Skodespelarane leverer i denne filmen. Men det vil nok vere Mason vi hugsar. Hovudpersonen spelar utruleg godt både som seksåring og som keitete tenåring.

Ein flott film som eg kosa meg med å sjå. Anbefaler til alle. Aldersgrense 7 år

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: