Familiekaos

.

familiekaosFamiliekoas er ein komedie som testar ut fordommar. Det veletablerte ekteparet Claude et Marie Verneuil bur i sitt liksom chateau med skodder ved bygda Chinon i det indre Frankrike. Settinga og ekteparet er erkefransk bourgeoisie slik ein forventar ute i provinsen. Det seier seg sjølv at dei har oppdratt sine fire døtre som gode katolikkar. Men døtrene deler ikkje foreldra sin konservatisme, noko som kjem synleg fram gjennom valet av ektemenn. Dette får faren Claude til å komme med rasisiske klisjéar som kan sitte laus i einkvar.

Filmen, som på fransk tyder 'Kva i Herrens namn har skjedd?', kom ut før det dødelege attentatet mot Charlie Hebdo i 2015. Den fekk ei blanda mottaking frå kritikkarane, men var veldig godt besøkt av det franske kinopublikum. Også i Norge fekk filmen eit høgt terningkast frå publikum, mens filmkritikkarar slakta den. Kvifor denne avstand og ville mottakinga hos publikum og kritikarar ha vore annleis etter attentatet?  

Ekteparet Verneuil er vitne til at den eldste datter giftar seg med det som kan vere ein muslim, den andre med ein som liknar mistenkeleg ein jøde og den tredje med ein asiatar som må vel vere kinesar, for det er dei som kjøper opp alt Frankrike har kjempa to blodige krigar for å få i stand. Ekteparet har altså svelgt tre store piller. Men oddsen på at den yngste datter vel ein god fransk katolikk bør no bli desto høgare og Claude og Marie lever i trua på at yngstedattera vel ein 'korrekt' mann.

Filmen blei lansert like før EU-valet der det invandrarfientlege Front National var venta å gjere, og gjorde, eit veldg godt val. Å konfrontere rasisme eller i det minste kulturkollisjon med ein god latter var eit godt svar på dei stereotypiske utsegn frå Front National. Men morsomt blei den ikkje lenger når innvandrarnamna på dei ansvarlege for attentatet blei kjent. Det er likevel ein viktig nyanse her som gjenspeiler seg i filmen. Eldre franskmenn reagerte på innvandrarnamna, men yngre franskmenn forstod at attentatsmennene kune vere født og oppvokst i Frankrike og produkt av det samme systemet som seg sjølve.

Familiekoas gjer ein bra jobb av å vise at "alle er rasistisk i ny og ne" og at kvinner er meir tolerante ovanfor det å vere annleis. Når ein ser bort frå at norske sjåarar kan kanskje oppfatte skodespelarkunsten som litt overfladisk, har ein i denne filmen høve til å teste ut mulege fordommar. Korleis ville du reagere på blanda ekteskap i familien?

David Beadle, Haram folkebibliotek

Aldersgrense Tillatt for alle

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: