Hotel Rwanda

.

Hotel RwandaHotel Rwanda er eit drama basert på ei sann historie i det sentralafrikanske landet Rwanda. Filmen har blitt referert til som Afrikas Schindlers liste.

Grøne og frodige Rwanda ligg i høglandet med ein ikkje ubehageleg temperatur. Landet er ein liten flekk på det store kontintentet, litt større enn Wales og mindre enn Sveits. Da landet blei sjølvsetendig frå Belgia i 1962 blei makta overført til Tutsiane, fordi denne folkegruppa blei ansett som meir kompetent enn Hutuane, som var i fleirtal. Da eit maktvakuum oppstod i 2004, førte ein rasekonflikt til eit blodbad, som seinare blir kalt Folkemordet av Tutsiane.

Hotellet, eigentleg Hôtel des Milles Collines i hovedstaden Kigali, som i dag ventar på di bestilling som luksushotell på nettet, blir ein fristad for så mange som liv som hotelleigaren er i stand til å redde. Det vil seie kvite liv i første omgang, inntil FN og andre får sine eigne evaktuert frå landet.

Hotelleigar Paul Rusesabagina, godt spelt av Don Cheadle i filmen, og som blei kontakta under produksjonen av filmen, er ein moderat Hutu. For dei radikale Hutuane er ein moderat Hutu like ille som Tutsiane dei vil utrydde. Men han har eit lager med whisky og andre freistingar ved hotellet som han bruker som forhandlingskort for å kjøpe beskyttelse frå den korrupte hæren. Etter som hans ressursterke kona Tatiana er Tutsi, blir prisen for beskyttelse desto høgare.

FN, Belgia og stormaktene opptrer smertefullt handlingslamma etter at dei kvite er evakuert. Dei blir seinare vitne til at opp mot ein million tustiar og moderate hutuar blir drept. Spelefilmen er særs ubehageleg for organisasjonen FN, for filmen viser at 10 FN-menn klarte å halde unna store mengder radikale hutuar mens evakueringa av dei kvite foregjekk, for desse hadde ikkje skytevåpen. Ein raskt tilgjengeleg FN styrke kunne langt på veg ha minimalisert katastrofen.  
.
Filmens styrke er at den handlar om verkelege hendingar. Det blir ein truverdig spelefilm om ein redningsaksjon. Vi ser lite eller ingenting av blodbadet, derimot får vi eit interessant innblikk i det sentrale Afrika.

Aldersgrense 11 år

David Beadle, Haram folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: