Gone girl

.

gone girlSkal du sjå ein spennande, overraskande, velkomponert og utruleg bra film så bør du velje denne! På den femte bryllaupsdagen sin melder Nick Dunn at den vakre kona hans, Amy, er forsvunnen.

Under press frå politiet og eit veksande mediesirkus utan like, byrjar Nick si framstilling av eit lykkeleg ekteskap å slå sprekker. Han vert tatt i løgn og oppfører seg også på ein merkeleg måte. Dermed må etter kvart alle rundt han, både politi, familie og naboar, stille seg spørsmålet - er det Nick som har drepe kona si? Også vi som ser på lurer – kva har eigentleg skjedd?

På meisterleg vis får den kjende regissøren David Fincher oss som tilskodarar med på ei underhaldande spenningsstund, og vi vert stadig overraska over nye vendingar i saka. Ved bruk av stadige tilbakeblikk, fortalt av Amy i si eiga dagbok, får vi eit innblikk i korleis ei fantastisk forelsking går over til å bli eit grått og traurig ekteskap. Vi vert emosjonelt engasjert og føler sympati med stakkars Nick, samstundes som vi synes han er ein skikkeleg tufs.

Skodespelarane gjer ein framifrå jobb, både Ben Affleck som Nick og Rosamund Pike som Amy. 

Filmen bygg på den internasjonale bestseljaren «Flink pike» av Gillian Flynn og er ein svært vellukka film som maktar å halde både på den mørke stemninga og beiske humoren i historia – og ikkje minst mystikken og spenninga underveis.

Aldersgrense 15 år


Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Filmatisert bok Krim og spenning

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: