'71

.

71 Spanande og tankevekkande krigsfilm frå konflikten i Nord-Irland. Regissør Yann Demange skildrar den komplekse konflikten mellom republikanarar og lojalistar med driv og intensitet. Dette er hans debutfilm som har vunne fleire prisar.

Hovudperson Gary Hook er ein del av dei britiske fredsbevarande styrkane som blir sendt til Belfast i 1971 for å prøve å dempe striden mellom katolikkar og protestantar. Dei ferske soldatane har knapt kome seg ut av patruljebilane før helvete bryt laus rundt dei. Gary blir skilt frå sine medsoldatar og forfulgt av folk som vil drepe han. Når natta og mørket fell på har han inga formeining om kor han er og korleis han skal finne tilbake til leiren.

Det er ingen han kan stole på, den hemmelege britiske militære etterretninga driv eit ureint spel og er villige til å ofre ein av sine eigne.

Fluktscenene gjennom dei trange gatene er glimrande fotografert og regissert. Ikkje minst gjer Jack O'Connell ein stor prestasjon i hovudrolla som den unge soldaten som har verva seg for å få den familien han aldri har hatt. Han er ein fersk soldat med begrensa livserfaring, men vi får hint om at han sannsynlegvis har vore nøydd til å fighte seg gjennom ungdomsåra, og så hamnar han midt i borgarkrigen sitt helvete.

Vi ser korleis dei som prøver å halde seg utanfor stridigheitene brått kan havne i ein situasjon der dei blir sugd inn i malstraumen, korleis barn vert indoktrinerte og korleis dei mest militante kan finte ut dei meir moderate kreftene i ei konflikt og dermed gjere knuten endå strammare. Regissøren går ikkje djupt ned i politikken som danna grunnlaget for sjølve borgarkrigen, han er meir opptatt av kva den får fram i folk.

Men det er ein fordel å kjenne til hovudtrekka i dei historiske hendingane for å få fullt utbytte av filmen. Denne konflikta går i Storbritannia berre under betegnelsen "The Troubles". Noko som må kunne seiast å vere eit kraftig understatement.

Eg var sjølv i Belfast for nokre år sidan og fekk høyre frå både katolikkar og protestantar om livet under "The Troubles", noko som gjorde inntrykk. Belfast er ikkje, slik ein kanskje kunne tru, ein by delt i to. Det er meir eit lappeteppe, der høge murar og politisperringar framleis i dag deler inn gater og kvartal i loyalist- og republikanar-konklavar. Sentrum er derimot rimelig fredlig og det er trygt å vere turist. Men det gjorde spesielt inntrykk på oss at vår irsk-katolske bussjåfør var ekstremt skeptisk til å køyre gjennom protestantiske bydelar, fordi han frykta for sitt eige liv dersom bussen med irske skilt skulle få motorstopp der.

Anne Marit Huse, Ålesund Bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?


 

 

Tags: Krigsfilm Krim og spenning

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: