Interstellar

.

interstellarDen relativt unge britiske regissør Christopher Nolan er allereie kjent for innovative filmar som Inception, The Dark Knight-trilogien og fleire. Fellesnemnaren i desse filmane er ein overnaturleg dimensjon som likevel ikkje virker så veldig fjern frå virkelegheita. Dei ligg i eit grenseområdet mellom science fiction og psykologisk thriller og er blant dei mest spennande filmar vi har sett dei siste ti åra. Interstellar skaper dermed forventningar, men desse blir innfridd på ein annan måte enn vi hadde rekna med.

I Interstellar er søkelyset først på ein isolert gard der aleinepappa Cooper er bonde på den amerikanske sletta. Jordbruket består av ein preakopolyptisk ond sirkel der bakteriar og smitte tek knekken på forsøk på dyrking. Lufta tvinger Cooper og sine to unge barn Murph og Tom mest muleg innandørs på grunn av store støvskyer som forureiner.

Cooper er tidlegare testpilot i NASA, mens datteren Murph har eit evne til å sanse ånder eller spøkelsar på garden. Cooper og Murph deler dermed ein sans for ein ekstra dimensjon, og begge drar til NASA etter ei anmodning frå ein leiande vitenskapsmann. Det virker draktisk, men ikkje for sentimentalt når desse må skille lag. For Cooper skal opp i rommet på nytt som den erfarne piloten NASA manglar som eit siste ledd i å utforske eit nydanna ormehull ved Saturn. Hullet kan føre til ein planet med potensial for menneskeliv, eit alternativ til vår eigen.

Filmen er eit vanskeleg prosjekt teknisk, med si veksling mellom scenar ved gården og verdsrommet. Utfordrande på ein annan måte er også den episke breidda,  vitenskapelege begrep og filosofiske betraktningar. Men dette er med å føre oss inn i ei anna verd, som verdsrommet tross alt er, med interessant originalmusikk. I rommet er alt stort og tek tid. Du bør ha tilgang til ein brei skjerm og vel tre timar for å komme i stemninga, men det er verdt det, for Interstellar er eit filmhistorisk milepel og eit testament til Nolan si visjonær tenking.

Filmen fører oss fram til ein finale i den 5. dimensjon som er ei stor oppleving, både mystisk og oppklarande.
Aldersgrense 11 år

David Beadle, Haram folkebibliotek
 

Tags: Science fiction

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: