The Maze Runner

.

The Maze RunnerThe Maze Runner (I dødens labyrint i norsk utgåve) er ein thriller innan sjangeren post-Hunger Games ungdomsdystopia. Den er ein ganske så solid adaptasjon av romanen, fordi relasjonane mellom ungdommane er like godt bevart som i Hunger Games del 1, og langt bedre enn i Demonenes by (Skyggejegerne).

Post-apokalyptiske krefter gjer at 16-årige Thomas blir kasta oppover i voldsom fart via ein heis og inn i ei solsterk lysning, den mystiske The Glade, eit grøntområde omringa av det som liknar ein gigantisk middelalderborg, men som faktisk er ein uendeleg labyrint av betongblokkar. Turen kostar han hukommelsen, slik det har gjort med eit 20-tals ungdommar som tek i mot han. Da for første gang ei jente, Theresa, blir kasta inn i Lysningen, får dei vite ho blir den siste. Mykje av filmen handlar om korleis ungdomskollektivet tilpasser seg denne skjebne og organiserer seg.

Ungdommane har laga ein modell av labyrinten, motivert av at den virkelege labyrinten opnar fristande om morgonen og lukker om kvelden. slik at dei kan kartlegge sin håpløs situasjon. Ein veg ut er det faktisk. Derfor vil Thomas og nokre kollegar trosse andre ungdommar og prøver ut korleis labyrinten funger mellom dei enorme bevegande steinar og skremmande biomekaniske vesen som lurer i mellom.  

Desse vesen tek ikkje overtaket på lerretet eller tv-skjermen, slik dei gjer i mange filmar. Det som står i sentrum er i staden intrigane ungdommane i mellom og motivasjonen Thomas får av kjensla av at eit eller anna fjernt i hukommelsen kan hjelpe dei.

Aldersgrense 11 år.

David Beadle, Haram folkebibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Science fiction

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: