Twelve years a slave

.

twelve years a slaveDenne filmen bygg på ei sann historie frå 1850-åra om Solomon Northup, ein fri svart mann frå New York. Han vert kidnappa og seld som slave til sørstatane.

Som slave på bomullsplantasjar vert både han og medslavane utsett for nådelaus mishandling, trakassering og overgrep. Ganske ufatteleg for oss i dag, men slik var det. Menneskesynet vi vert vitne til verkar vanvitig, og det gjer vondt å sjå kva slavane vert utsett for. Han møter også ei viss velvilje hos nokre kvite menn, for nytt syn på slaveriet har byrja å nå sørstatane også.

Dette er ei svært sterk historie om ein sterk mann som ikkje gjev opp håpet om eingong å bli fri og få vende heim til familien sin i nord.

Filmen gjer deg sint, frustrert og sjokkert. Det skjer deg i hjertet å sjå dette krutsterke slavedramaet. Hovudrolla er utruleg godt spelt av Chiwetel Ejiofors.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama Filmatisert bok Historisk

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: