Into the white

.

into the whiteMed den fascinerande fjernsynsserien Kampen om tungtvannet i friskt minne, virker det riktig og viktig å minne om den norske langfilmen Into the white frå 2012. Filmen er inspirert av ein sann episode som utspilte seg ved grensa til vårt eige Møre og Romsdal den 27. april 1940 og vekene etter.

Norge er innvandert, men kamphandlingane held fram. Over den kvite fjellheimen blir ein tysk Heinkel bombefly skutt ned av ein britisk Blackburn Skua kampfly. Den sistenemnte får imidlertid motorhavari og krasjlandar på eit islagt vatn. På veg ned får piloten øye på ei hytte, med tanke på å søkje ly i det ugjestmilde landskapet. Men dette er også planen til dei overlevande frå the tyske flyet. Dei som går i fjellet i dag ved Heilstuguvatnet ved Grotli vil finne det tyske flyvraket, medan modellen til filminnspelinga ligg ved hotellet.

Konfrontasjonane mellom tyske og britiske soldatar gjekk etter regelverket, også med tanke på krigsfangar og respekt. Dette er eit vilkår for at denne filmen fungerer, for forskansa saman som dei stridande soldatane er i ei hytte, blir samarbeid og fornuft heilt nødvendig for å halde seg i livet. Filmen lykkast ved å få fram eigenskapane dei ulike soldatane har ved å gi og ta i ein slik situasjon, og ulikheitane mellom karakterane blir snarare eit spørsmål om bakgrunn og personlegheit enn land og grad.

Etter kvart kjem sommaren. Krigen med sitt eige program hentar inn dei fem soldatane. Det vil seie at dei to sidene ikkje er likt fordelt, men ettersom ein av engelskmennene er det kjende ansiktet til Rupert Grint frå Harry Potter-filmane, blir likevekten etablert på ein måte. I vår eige tid lager vi felles minnesmerke for alle dei falne under den første verdskrig. Denne filmen tar utgangspunktet i virkelege hendingar frå den andre verdskrig da ingen viste hvordan ting ville utvikle seg, men regissør Petter Næss gir oss en historie med dagens meir sympatiske og forsonende vinkling.

Aldersgrense 11 år
 
David Beadle, Haram folkebibliotek
 

Tags: Drama Krigsfilm

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: