Profeten (2009)

.

ProfetenDen franske regissøren Jacques Audiard har vore ein av landets desidert viktigaste filmskaparar dei siste tiåra, med filmar som En meget diskret helt og Mitt hjertes tapte slag. Allikevel er det merkverdig få som kjenner til han utanfor Frankrikes grenser.

I filmen Profeten frå 2010 byggjer han eit sosialt og psykologisk drama opp som ein intens krimfilm, og sjeldan ser ein ei så sterk rolletolking som her vert gjeve av den unge skodespelaren Tahar Rahim (Malik).

Fransk-arabiske Malik

er dømt til seks års fengsel. Åleine, kun 19 år, og uten å kunne lese eller skrive, verkar han yngre og mindre hardbarka enn dei andre innsette. Pressa opp i eit hjørne av leiaren for den korsikanske gjengen som styrer innanfor murane, vert den sårbare ungguten gjeve ei rekkje "oppgåver" å utføre. Han blir tøffere og opparbeider seg gjengleiaren sin tillit. Malik lærer fort og klatrar i gradene, samtidig som han i løynd legg sine heilt eigne planar.

Audiard

har lagt seg tett opp til ein dokumentarisk og sosialrealistisk stil som gjer at filmen får eit autentisk preg. Profeten er blitt omtala som ein hardbarka sjangerfilm i tradisjonen frå Goodfellas, og Audiard har fått mykje skryt fordi Profeten først og fremst er ein underhaldende og dyktig skapt thriller. Audiard har uttalt at han heilt klart satsa på å lage ein sjangerfilm som fengselsfilmen er, samtidig som dette heilt openlyst er ein systemkritisk film. Og ein film som også har lavmælte og poetiske trekk. Enkelte scener består av flakkande fantasibilder, og ute på permisjon kan hovudpersonens «criminal mind» plutseleg feste seg ved fuglesang, bølgeskvulp eller varmen frå ein baby.

Det som imponerer mest er likevel skodespelarane. Tahar Rahim er ei openbaring i rolla som Malik, med eit uskuldsreint ansikt som gradvis hardnar til inne i fengselsjungelen, der han mellom anna vert løpegut for den korsikanske mafiabossen Luciano, også glimrande spela av Niels Arestrup. Han er sint, farlig og ynkelig desperat på samme tid.

Bloggar og filmekspert Brita Møystad har uttalt at livet er for kort til å sjå franske filmar. Eg trur eg har henne med meg på at det gjeld ikkje for denne! Dette er ingen typisk ”fransk film”. Det er derimot ein storslagen, underhaldande thriller av ein fengselsfilm som både er sjangertru og nyskapende på ein og samme gong.

Aldersgrense: 15 år

Lagt inn av Anne Marit

Tags: Krim og spenning

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: