Lore

.

LoreNazi Tyskland finst ikkje lenger, heller ikkje Tyskland, heller ikkje vatn, mat eller hjelp. Men det finst husly i skogen og i utbrende fabrikkar. Og det finst betalingsmiddel.

Da krigen er tapt, må privilgerte foreldre rømme og overlate barna sine til å klare seg så godt dei kan. Lore må leie sine yngre søsken, den yngste ein baby, til bestemora i den britiske sonen, men dei kjem ikkje ut av den amerikanske. Det blir ein tøff omveg via den russiske sonen i staden. I tillegg til å overleve ein strabasiøs flukt, må Lore konfrontere  sin antisemitisk oppvekst undervegs, spesielt da ho får hjelp av ein jøde som ho utviklar eit konfliktfullt forhold til.

Det er kamerabevegelsene (Adam Arkapaw) som fortel det meste i denne sterke historia sett gjennom Lore, og dei fangar vår merksemd frå første øyeblikk med stor autentisitet. Dei små detaljane gir mykje meining. Det betyr ikkje at vi forstår dei alle. Ein får vertfall med seg ei uforglemmeleg skildring av karakterstyrke hos Lore. Det betyr ikkje at vi veit alt som korleis ho resonnerer. Saskia Rosendahl spiller si første filmrolle som hovedpersonen. Det blir neppe den siste.

Dirigert av Cate Shortland, filmen er ei oppfølgjing av Somersault, men eit meir ambisiøst prosjekt. Det er lite dialog i denne australsk-tyske produksjon. Versjonen som er tilgjengeleg i Norge, har engelske undertekster. Den tyske dialogen er imidlertid enkel, og det er ei betydeleg styrke for filmen at den er på tysk. 15 år. 109 min. 2012.

Aldersgrense 15 år.
 
David Beadle, Haram folkebibliotek

Tags: Drama Historisk

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: