Trolljegeren (2010)

.

TrolljegerenDei tre høgskulestudentane Thomas Schøien, Johanna Pedersen og Kalle Stensvik som går på medialinja i Volda, får som skuleoppgåve å lage dokumentarfilm om ein lokal personlegdom. Dei vel å fokusere på ein folkesky mann som kjem til bygda med jamne mellomrom.

Dei mistenker han for å vere krypskyttar på jakt etter bjørn. Det viser seg at Hans (Otto Jespersen) jagar noko mykje større. Han påstår i hvert fall det. Filmteamet overtaler han til å la dei vere med, noko som skal vise seg å ikkje vere så lurt.. 

Filmen renn over av fantasifulle forklaringar på kva som eigentleg foregår i den norske fjellheimen. Vi står overfor ein konspirasjon på høgt plan, der fakta blir hemmeleghaldne for det norske folk. Lattermusklane får god trening etterkvart som det eine etter det andre forholdet vert avdekka, ofte rotfesta i ekte sanningar. Regissør og manusforfattar Øvredal slenger ut aktuelle kommentarar om alt frå monstermaster til klimaendringar. Historia vert fortalt gjennom tilsynelatande spontane opptak, noko som er ei krevande form, men det funkar!


Blandinga av eventyrmytologi og statlig byråkrati gjer dette til ein unik og morsom film, saman med Otto Jespersen sin bistre og tverre trolljeger - ein mann som er lei av å fylle ut lange og tørre skjema kvar gong han har gjort eit troll til stein, lei av å jobbe kvar einaste natt utan overtidsbetaling og smusstillegg i den hemmelege Trollsikkerhetstjenesten.

"Trolljegeren" er verkeleg ein norsk film du aldri har sett maken til!

Regi: André Øvredal. Aldersgrense: 11 år.

Lagt inn av Anne Marit

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: