The grand Budapest hotel

.

budapestEin ny film frå Wes Anderson (The Royal Tenenbaums, The Darjeeling Limited og Moonrise Kingdom for å nevne berre tre) skaper forventningar. The Grand Budapest Hotel innfrir som ei visuell oppleving med ein større dose humor enn vanleg.

Historia dreier seg om både tyveriet av Gutten med eit eple - eit verdifullt maleri frå renessansen – og kampen om ein betydeleg arv. Med andre ord to alminnelege saker å bygge forviklingar rundt i eit eksotisk hotellmiljø. I mellomtida toppar det seg utanfor hotelldørene i det fiktive Republikk av Zubrowska. Dette er eit slags sjarmerande etterlevning frå det klossete Austerrike-Ungarn, som no blir innhenta av tidas nådelause gang. Filmen danser gjennom fleire tidsperiodar og dette gjer forviklingane meir utfordrande samtidig som hotellet blir tidlaust.

I resepsjonen ved det ærverdige Grand Budapest Hotel finn vi dei to hovedpersonar -  den legendariske concierge Monsieur Gustave (Ralph Fiennes), som har eit øye for blondinar, og berre blondinar, og Zero Moustafa (F. Murray Abraham), ei flyktning med litterær innsikt som no er ein pikkolo i særklasse i lære hos Gustave.  I dette særeigne hotellet er gjestane som Mme Céline Villeneuve Desgoffe und Taxis naturlegvis ikkje som du og eg.

Som i Wes Anderson filmar elles, møter vi eit spekter av kjende skodespelarar. Ingen av desse har roller av særleg betydning, for etter at Gustave blir arrestert for både tyveriet av maleriet og mordet på eigaren, dominerer hovedpersonane fullstendig. Ralph Fiennes i rolla som Gustave er spesielt fremragande, i det dette radarparet tryller fram sine overraskande ferdigheitar.

Det humoriskiske kan samanliknast med Fawlty Towers framstilt som Disney for voksne. Men dette er kunstverk frå Wes Anderson. Eit nostalgisk drømmelandskap (spesielt sterk for dei som kjenner Sentral-Europa) blir skapt ved hjelp av fargar og små detaljar. Det gjer filmen til eit visuelt eksperiment som er vellykka.  Filmen kjem på dvd 6. august.

Aldersgrense 11 år

David Beadle, Haram folkebibliotek

Tags: Fantasy Historisk Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: