Kvinnen i buret

.

kvinnen Filmen er basert på den populære boka med same tittel av Jussi Adler-Olsen. Politietterforskar Carl kjem tilbake på jobb etter ei stygg skyteepisode. Ingen vil jobbe i lag med han, og han vert sett til å sortere uløyste saker ilag med den nye partnaren sin, Assad.

Men i staden for å  gjere det dei blei sett til, byrjar dei å sjå på saka om den populære politikaren Mette Lynggard. For fem år sidan forsvann Mette Lynggaard frå ei ferje og einaste vitne til hendinga var den hjerneskada bror hennar. Saka vart etterforska og det blei konkludert med at dette truleg var eit sjølvmord.  Carl og Assad oppdagar feil i etterforskinga som fører dei inn på nye og interessante spor. Vi vert med på ei reise inn i dei mørkaste avkrokar av samfunnet og på sporet av ein forskrudd mordar

Filmen er ei spennande  og effektiv forteljing med få dødpunkt om ein hardnakka politietterforskar som er oppsett på å løyse ei sak ingen andre trur på. Vi heiar på helten vår Carl, som er svært godt spelt av Nikolaj Lie Kaas. Carl saman med den humørfylte Assad, er dei eit herleg og umake par.

For den som er glad i danske krimseriar som t.d. «Broen» er dette absolutt ein film ein må få med seg.

Aldersgrense 15 år

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Tags: Filmatisert bok Krim og spenning

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: