Her (2014)

.

her 2014Ei underfundig dramakomedie av regissør Spike Jonze, med Joaquin Phoenix i hovudrolla.

Handlinga i Her går føre seg i Los Angeles i nær framtid. Hovudpersonen Theodore, spela av Joaquin Phoenix, er ein tidlegare journalist som no lever av å skrive handskrevne, personlige brev til folk. Han er nyseparert og einsam i eit samfunn der ein er enno meir teknologiavhengige enn i dag, ein mann i eksistensiell krise med eit desperat behov for forståing og medkjensle. 

Framtida Theodore går einsam rundt i kjennes så nær at det ville vere gale å kalle Her for ein science fiction-film. Verda omkring han ser vel så ofte ut som 1970-tallet: Høge bukselinningar og menn med bart, teak og tweed, mykje brunt, rødt, gult. Fleire av bilda ser ut til å vere dekka av Instagram-filter, det er eit aldeles nydeleg foto med ein finurlig kontrast mellom duse og fargesterke bilete.

Theodore ser ei reklame for OS1, det første snakkande operativsystemet med kunstig intelligens som har evne til å utvikle seg saman med kjøparen. Theodore må svare på eit par spørsmål online og velge kjønn, og vips så er “Samantha” der. Samantha er utstyrt med Scarlett Johansson si stemme og ei programmert personligheit så avansert at ho framstår som ei smart, varm og empatisk draumekvinne.

I starten tør ikkje Theodore seie til nokon at han er blitt sterkt knytta til eit kvinneleg operativsystem, men han innser snart at han ikkje er den einaste. Verda er fylt med menneske som går omkring med øyreplugg i djup samtale med eit dataprogram som er tilpassa dei emosjonelle behova deira.

Theodore blir kjenslemessig sterkt knytt til Samantha, men han oppdagar etter kvart at det er sider ved henne som ikkje er kompatible med menneskeligheita hans og dei behova som gjorde at han blei «kjent med» henne i utgangspunktet.

Det er heller ikkje slik at Theodore ikkje fiksar «ekte» menneske (han har eit utmerka forhold til naboen sin, spela av Amy Adams). Det er meir eit spørsmål om at han er blitt brent av det ekte, og søkjer det trygt perfekte. Ein partner som ler av alle vitsane hans medan ho ryddar på harddisken.

Historia og tematikken er veldig interessant og lett skremmande. Er det slik verda vil sjå ut om 20 år? Vil vi alle ha personlege operativsystem som tilfredsstiller dei individuelle behova våre, og vil vi tillate oss å bli glade i dei?

Her stiller mange filosofiske spørsmål og gir deg mykje å tygge og tenke på, samtidig som det er ein underhaldande film. Den krever å bli sett meir enn éin gong, og den fortener det.

Anne Marit

Tags: Drama Kjærlighet Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: