Bombón - El Perro (2005)

.

BombonRegi: Carlos Sorin
I denne spansk-argentinske filmen foregår handlinga i forblåste Patagonia, heilt sør i Argentina. Hovudpersonen Juan Villegas har mista jobben som bilmekanikar. Han prøver å livnære seg som knivsmed og oppsøker sjølv mogelege kjøparar rundt om på landsbygda. Knivane er fine men ingen har råd til å kjøpe dei.

Ein dag hjelper han ei ung kvinne som har fått motorstopp på den aude landevegen. Ho har ikkje råd til å betale han men som takk for hjelpa får han ein hund. Ei diger kvit bikkje, snill som eit lam, med det ikkje akkurat passande namnet Bombón (=sukkertøy).

Det viser seg at Bombón er ein rasehund med ei imponerande stamtavle. Snart har Juan nye vener som vil hjelpe han med å tene pengar på hunden. Dei stiller opp i eit hundeshow, vinn medalje og alt ser lyst ut. Det er store pengar å tene på ein slik avlshingst. Det er berre eitt problem - Bombón er ikkje så interessert i sex og sånt..

Ein lavbudsjettfilm om ein gammal mann og ein hund frå det sørlige Argentina høyrest kanskje smalt ut, men dette er ei lita perle som eg trur mange vil sette pris på. Det handlar om menneske utan økonomiske ressursar men med livsgnist og evne til å sette pris på små gleder. Her er vakker musikk og langsomme, dvelande bilder av det fantastiske landskapet samstundes som bruk av handhalde kamera og mange nærbilder gir eit nært og varmt uttrykk. Med fare for å bruke ein klisje så er dette ein hjertevarm film.

Regissør Carlos Sorin er også kjent for filmen Historias Minimas som han vann fleire prisar for. Det er ein film frå det samme miljøet og landskapet som Bombón, dei er veldig like i stil og handlar begge om dei små hendingane i livet. Biblioteket har begge filmane!

Anne Marit

 

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: