Top of the lake (2013)

.

 top lakeI TV-serien Top of the lake får vi ei mørk og gripande historie som kombinerer krim, drama, fantastisk natur og sterke skodespelarprestasjonar. Serien er regissert av Jane Campion, fødd på New Zealand og busett i Australia. Ho er mest kjent for å ha laga filmen Piano frå 1993, som fekk tre Oscar-prisar. Top of the lake er produsert av BBC i samarbeid med Sundance Channel og har vore vist på TV2.

Handlinga går føre seg på bygda i New Zealand. Den vesle landsbyen Lake Top er ikkje større enn at alle kjenner alle. 12-åringen Tui veks opp med sin brutale, kriminelle far og sine to hardhendte halvbrødre. Ein tredje halvbror bur saman med mora hennar, som er av asiatisk opprinnelse.
Serien byrjar brått og rystande med at Tui prøver å ta livet av seg ved å drukne seg i innsjøen. Ho blir redda i siste augneblink. Det viser seg raskt at ho er gravid. Men med kven?

Politikvinna Robin Griffin, som er spesialist på seksuelle overgrep, er tilfeldigvis på besøk hjå si sjuke mor i landsbyen. Ho vert kobla inn i saka, men før etterforskinga er avslutta forsvinn Tui, etter at ho har søkt tilflukt i ein merkelig leir for skadde, middelaldrande kvinner som er etablert utanfor landsbyen. Har ho frivillig gått ut i øydemarka? Er ho drepen? Eventuelt kvifor?

Top of the lake kan på mange måtar minne om David Lynch sin serie Twin Peaks frå byrjinga av 90-talet. Du får ikkje dei store action-scenene, men mykje underliggande uhygge som gjenspeglar den menneskelige ondskapen som ligg i botnen. Campion er meir interessert i indre liv enn i ytre handling, dialogane er flytande og overraskande, handlinga er dyster, men her finst også store dosar absurd komikk.

Anne Marit


 

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: