De ufrivillige (2008)

.

ufrivilligeDen svenske regissøren Ruben Östlund har i filmen De ufrivillige laga eit nydelig, smertefullt og komisk portrett av “Medelsvensson”. Filmen består av fem historier som eigentlig ikkje blir fletta saman, men som har det til felles at dei blir formidla gjennom uvanlege og observerande kameravinklar og at dei består av klamme og pinlige situasjonar.

Vi treff ein prinsippfast bussjåfør som nektar å køyre vidare før nokon innrømmer at dei reiv ned gardinstanga på toalettet om bord, -vi møter to fjortisjenter på fylla, -ein eldre jubilant som under eit familieselskap får fyrverkeri rett i ansiktet men insisterer på at han er i fin form, -ei lærarinne utan sosiale antenner som får alle mot seg på lærarrommet, -ein ung mann som blir med den gamle kompisgjengen på hyttetur og blir tullevoldtatt osv.

Filmen har den treffande undertittelen ”Tilværelsens uutholdelige kompleksitet”. Det er akkurat det som er filmen sitt tema. Kinkige sosiale situasjonar ein som menneske av og til hamnar oppi. Når det skjer noko uforutsigbart så veit ein ikkje alltid korleis ein skal handle. De ufrivillige isceneset dette på ein glimrande måte. Eg opplever filmen som relevant og situasjonane som gjenkjennelige, og ikkje minst perfekt spelt, eller “ikkje-spelt”, av ein gjeng ukjente menneske i alle aldersgrupper.

Anne Marit

 

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: