Beasts of the southern wild (2013)

.

BeastsPoetisk og magisk sosialrealisme
Regi: Benh Zeitlin
Aldersgrense: 11 år

 

 

 

 Hushpuppy (Quvenzhane Wallis) bur på den vesle øya Badekaret i Louisiana i det sørlege USA, saman med den alkoholiserte faren sin Wink (Dwight Henry). Dei tilhøyrer ei hard kjerne med fastbuande som lever saman i slummen på feil side av diket - i stor fattigdom, men også i stor fridom. Då ei katastrofe som er skapt av ver, vind og klimaendringar nærmar seg, nektar Wink å vike for naturkreftene, men snart ligg heile Badekaret under vatn.

For Hushpuppy er dette byrjinga på verdens ende, og som dei fleste barn trur ho at ulukka er hennar feil. I ein oppheita krangel med faren ønskte ho han død, og no er Wink døyande med ein mystisk hjartesjukdom. Han prøver å gjere dottera sterk og uavhengig, som ei førebuing på harde tider. Han er sjølv eit produkt av dei tøffe omgjevnadane, han veit kva livet krever, og forsøker å gjere jenta klar til å møte utfordringane på sin måte.

Heile ”Beasts of the southern wild” er sett frå Hushpuppy sin synsvinkel, ho opplever verda som ei blanding av fakta og fiksjon og tolkar situasjonane ut i frå sine evner. I hennar auge har digre fortidsdyr blitt tint opp medan polarisen smeltar. Desse villsvinaktige beista er på veg til Badekaret for å utslette dei alle saman – med mindre Hushpuppy stansar dei. Filmen er bygd opp av små magiske augneblink som kan vere vanskelege å tolke, men som berre må opplevast.

Både Hushpuppy, far hennar og dei andre skodespelarane er amatørar, gjerne henta rett ut frå lokalmiljøet i det avsidesliggjande strøket lengst sør i USA, der filmen er spelt inn. Men trass i, eller kanskje på grunn av skodespelarane si avgrensa erfaring med yrket, er rolletolkingane overbevisande og truverdige.

Regissør Benh Zeitlin er busett i New Orleans, og brukar flomkatastrofa i 2005, forårsaka av orkanen Katrina, som bakteppe for handlinga. Med kunstnerisk fridom blandar han folklore og klimatrussel, myte og realitet. Katastrofefilmar er som regel dystre. Fiskane døyr, dyra rotnar, naturen vender seg mot menneska – slik også i ”Beasts..”. Men her er det likevel ikkje ondskapen som tek overhand. Midt i apokalypsen dannar menneska ei motstandsrørsle og at det er ei lita jente som leier an, verkar heilt naturlig.

Anne Marit

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: