Moonrise Kingdom (2012)

.

MoonriseNostalgisk og underfundig barndomsskildring
Regi: Wes Anderson
Aldersgrense: 7 år

Regissør Wes Anderson tek for seg det vesle øysamfunnet New Penzance utanfor USAs nordlige austkyst, og fortel historia om speidaren Sam. Sam forlet sommarleiren for å møte sin hjartans utkåra, nemleg bokormen Suzy.
Dei vil tilbringe sommaren saman, gøymt vekk frå alle som står i vegen for kjærleiken deira. Ein veldig storm, både i form av brysomme foreldre, speiderleiarar og veret, truar dessverre i horisonten.

Tonen i filmen varierer mellom avslappa lakoniske scener og hektisk aktivitet i høgstemt melodrama. Heile filmen har eit gyldent, smått uverkeleg skjær over seg, noko som står godt til den nostalgiske barndomsskildringa.

Viss du ikkje har sett film av Wes Anderson før så er dette ein bra film å begynne med.
Han har eit særprega grep om typer, historie, musikk og stemning som på sitt beste har skapt underfundige og fargesprakende filmperler.

Dette er ein av dei mest originale og overraskande filmane eg har sett på lenge, full av både humor og vemod.

Anne Marit

Tags: Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: