Attack the block (2011)

.

attack the blockHerleg sjangerparodi med ein dose alvor.
Regi: Joe Cornish. Aldersgrense: 15 år

 

 

 

Moses er leiar for ein liten gategjeng i Lambeth i Sør-London. Ein kveld gjengen held på å rane ei kvinne, blir dei angripne av ein merkeleg skapning som har falle ned frå himmelen. Dei klarer å drepe den, men snart dukkar det opp fleire vesen, berre endå større og tøffere enn det første. Gjengen har vore ute ei vinternatt før og dei samlar det dei har liggande av våpen og dreg for å stoppe det som viser seg å vere inntrengarar frå verdsrommet.

Attack the block er ein heseblesande, morosam og blodig leik med actionkomedie og science fiction som sjanger. Men filmen har også til dels treffande kommentarar til sosiale tilhøve i dagens Storbritannia som bonus. Vel er gjengen ute på skråplanet, men når nabolaget er trua utanfrå, nøler dei ikkje med å forsvare det. Filmen tek likevel ikkje seg sjølv altfor høgtidleg. Den er først og fremst laga for å underhalde – og det klarer den heilt fint.

Det er synd at ein slik film aldri fann vegen til norske kinoar, men no kan du altså låne den i biblioteket!

Anne Marit

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Komedie Science fiction

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: