Ishavskjerringa

.

ishavskjerringaVed påsketider i 1952 omkom heile 78 mann frå Sunnmøre i ein av dei største katastrofene i norsk sjøfartshistorie. Fem ishavsskuter forsvann sporlaust i Vestisen. Tilbake sat enkene og nesten hundre farlause barn, mesteparten frå Søre Sunnmøre.

Dette er historia til tre av kvinnene, og korleis dei opplevde ventinga, uvissa, speidinga etter skuta med tønna i toppen. Mennene deira var borte i fleire månader uten eit einaste livsteikn, for i isødet mista dei også radiokontakta med radiosendaren på Vigra. Dette hendte for seksti år sidan, krisepsykiatri eksisterte ikkje, sorga lyt ein bere åleine og arbeide seg gjennom den som best ein kunne. Som Marit sa: ”Eg fekk ikkje sove, og eg greidde ikkje arbeide. Eg såg berre svart”.

Dette er hardt prøva, men flotte, sterke kvinner som fortel si historie. Seksti år etter ulukka har sorgen bleikna, men minna er fortsatt såre, særleg ved påske. Dette er ein svært viktig del om vår nære historie, desse kystkvinnene, ishavskjerringane, som var heime og holdt fortet og venta. Nokre gongar forgjeves. 

Film (DVD, speletid 27 minutt, dokumentar)

Mariann Schjeide

Tags: Dokumentar

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: