Castaway on the moon (2011)

.

castawayOriginal filmperle frå Sør-Korea

Castaway on the Moon handlar om ein mann som prøver å ta livet av seg, men mislukkast og hamnar på ei ubebodd lita øy i Hanelva, midt i sentrum av Seoul. Han blir ikkje etterlyst eller funnen, og må klare seg sjølv. Den eineste som veit om han er ei kvinne som ikkje har vore ute av rommet sitt på fleire år. Ho får tilfeldigvis auge på han ved hjelp av telelinsa på kameraet sitt. Derifrå utviklar eit merkelig vennskap seg, på avstand, gjennom kamera og flaskepostar. Både han og ho heiter forresten Kim.

Denne filmen har både ustyrtelig morosame scener og fantastiske skodespelarar, i tillegg til at den har eit bodskap den vil formidle. Konsekvensane av urbaniseringa er tydeleg når vi ser Kim springe rundt på den vesle øya si omringa av all mulig slags søppel. Samfunnskritikken er ikkje påtrengande men passar naturleg inn i historia og filmen sin øvrige tematikk.

Vi får fortalt ei inderleg historie om desse to personane som er isolerte frå resten av samfunnet. På den eine sida har du mannen Kim, som nærast går tilbake i tid ved å vere stranda på øya si. Kvinna Kim derimot isolerer seg sjølv på rommet sitt, der internett er hennar livline. Den fortvilinga som desse karaktarne føler overfor eit samfunn som tvingar dei til isolasjon, er noko eg finn veldig gripande.

Castaway on the Moon er ein film med djupne og brodd. Den står fram som kreativ, original og intelligent, samtidig som den er passe sprø og underhaldande. Dette er ein film du verkelig bør få med deg!

Anne Marit

Tags: Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: