To ganger Ricky Gervais: Extras og Ghost town

.

To ganger Ricky Gervais Extras og Ghost townBritiske Ricky Gervais er både komikar, skodespelar, regissør, forfattar og meir til. Han er mest kjent for å ha skrive og regissert komedieserien Kontoret (The Office) saman med Stephen Merchant. Han spelte også hovudrolla i denne serien.

Gervais og Merchant perfeksjonerte tulledokumentar-sjangeren med Kontoret, både i innhald og form. Denne serien har fått avleggarar både i USA og her heime (Etaten, NAV). I Extras har dei lagt seg på ein litt anna stil, ei meir standard dramatisk form som liknar på sit-com. Den originale vrien denne gongen er at kvar episode har med ein kjent skodespelar eller artist som gjestestjerne. Han eller ho spelar seg sjølv - eller snarare ein bisarr, forvridd versjon av seg sjølv.

I Extras spelar Gervais Andy Millman som er profesjonell statist på film og TV. Han spelar ein av dei som går forbi i bakgrunnen medan handlinga foregår i framgrunnen. Men i følge han sjølv er han skodespelar, han har berre ikkje klart å få seg taleroller enno - sidan han slutta som bankmann for tre år sidan. Ein av grunnane til det er at han ikkje akkurat ser ut som Brad Pitt. Ein anna er at agenten hans (Merchant) er fullstendig blotta for talent, intelligens og arbeidsvilje. Likevel slit Andy seg frå jobb til jobb som statist, og må lide seg gjennom idiotiske møter med sin sokalla agent.

Eg synest at Gervais mestrar kunsten å vere så slem som mulig utan å trakke over streken. Slemme tankar er morsomme fordi vi ikkje seier dei høgt. Gervais har nettopp spesialisert seg på å seie desse onde tankane høgt. Dette gir hovudpersonane hans eit usympatisk preg. Samtidig har denne sosiale ubehjelpeligheita noko djupt menneskeleg ved seg, som gjer at vi føler ei slags omsorg. Underdogposisjonen gir muligheit for å vere heilt motbydelig frekk og uvøren overfor omgjevnadane uten at vi føler avsky. Vi ler ikkje av The Office-hovedpersonen David Brent sine rasistiske vitsar. Vi ler av at idioten David Brent fortel rasistiske vitsar til sin pakistanske kollega.

Alle personane i Extras er - som i The Office - berre bittelittegrann overdrevne. Det er ingen tydeleg oppdikta karakterar her, eller urealistiske rammer for handlinga. Det heile er lett gjenkjenneleg, kvardagsleg og av og til litt trist. Dette gir ein fin dynamikk, og når gagsa sitt så godt er det fordi dei er ekte - som å oppleve stor humor i det verkelege liv. Biblioteket har sesong 1 og 2 av denne serien.

Eg var litt skeptisk til Ricky Gervais i ei romantisk komedie som Ghost town, men eg synest han klarer å dra i land denne rolla også.

Bertram Pincus (Gervais) vert erklært klinisk død i 7 minutt når det oppstår komplikasjonar under ein rutineoperasjon. Bertram har levd eit stille og tilbaketrekt liv og han trivast best i eige selskap. Tannlegepraksisen har han drive på autopilot, og han har snakka minst mulig med pasientane sine. Når han vaknar opp igjen etter operasjonen tek livet hans ei brå vending, - han har fått evna til å sjå døde menneske. Han som ikkje taklar levande menneske ein gong!

Som om ikkje det var nok så ønsker dei døde hjelp av han for å gjere bot og kome vidare i døden. Verst av dei er Frank Herlihy (Greg Kinnear) som vil at Bertram skal få fjerna den nye kjæresten til enka hans. Bertram forelskar seg naturligvis i enka, noko som byr på problem når han har både ein levende og ein død rival å hamle opp med.

Innhaldet i denne filmen er på ingen måte så nyskapande som i The Office og Extras, her er kjente ingridiensar som kjærleiksforviklingar, intriger og feel-good humor. Dette er lettbeint komedie, men Gervais spelar ypperlig som antisosial tannlege. Han byr på typisk tørr, britisk humor – noko som virkar forfriskande og gir litt ”edge” i denne lett sentimentale sjangeren. Filmen er både koselig, artig, litt trist, og med happy end, samtidig som den er skriven og regissert med intelligens og vidd.

Anne Marit

Tags: Komedie

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: