Bright Star (2011)

.

brightstarDette er filmen om kjærleikshistoria til John Keats, den fremste engelske lyrikaren under romantikken, og Fanny Brawne. Tittelen ”Bright Star” er tittelen på eit av Keats’ sine mest kjente dikt.

Dette er ein sakte film, ein film så må nytast. Denne kjærleikshistoria som endar så smertefullt er så malt så vakkert og vart, så stillferdig, men likevel så voldsomt. Språket og replikkvekslinga er eit stykke for seg, kostymene og interiøra er som eit vakkert tablå der alle detaljar ei nøye gjennomtenkt. Her snakkar vi estetikk, og dette er kanskje ein film for spesielt interesserte.

Keats gjekk i grava i den tru at han var ein middelmådig diktar, men skulle for ettertida bli ein av dei største lyrikarane England har fostra.

Mariann Schjeide

Tags: Biografisk Kjærlighet

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: