Jane Eyre

.

janeeyreCharlotte Brontës berømte klassikar ”Jane Eyre ” frå 1847 har mange av oss eit forhold til. Romanen har vore filmatisert utallege gongar, nokre gongar meir truverdig enn andre. Den største fella filmskaparane har gått i er kanskje å gjere hovudpersonen Jane mykje vakrare enn ho er beskrive i boka.

I denne filmatiseringa frå 2011 er det ikkje slik. Dette er vel den mest realistisk skildringa eg har sett. Omgjevnadene på barneheimen er verkeleg så triste som dei blir beskrivne i boka, Jane ser utsliten og sjuk ut, fargesettinga elles er svært nedtona og dyster. Dette endrar seg gradvis etter at Jane har kome til Mr. Rochester på Thornefield Hall der ho skal arbeide som guvernante.

Og historia kjenner vi, kjærleiken som oppstår mellom Jane og Mr. Rochester og løyndomen han ber på. Og spelar det eigentleg nokon rolle om vi veit korleis det går? Overhodet ikkje når det gjeld denne type film og sjølv om vi alle veit korleis det går. Jane Eyre og hennar kjærleikshistorie blir vi aldri ferdig med. Heldigvis.


God fornøyelse!

Mariann Schjeide

Tags: Filmatisert bok

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: